Samarbeid

Når vi skriv våre barn er omgrepet ikkje avgrensa til rolla som føresette. Tilsette på skulen ser også på elevane som sine barn.

Med utgangspunkt i målsetjinga om å utvikle gagns menneske er det viktig at heim og skule samarbeider om å gi barna best mogeleg utgangspunkt for vidare liv. Foreldre kan støtte opp om barns utvikling mellom anna gjennom å følgje opp skulearbeid i kvardagen og samarbeide nært med lærarane på skulen.

Men ansvaret for opplæringa ligg hjå skulen.

I ei stortingsmelding om kvalitet i skulen går det fram at det er mange faktorar som påverkar elevens læring, meistring og gjennomføring. Det som likevel peikar seg ut som det aller viktigaste, er lærarens kompetanse og samspel med elevane.

Læraren er den viktigaste einskildfaktoren for barna si læring på skulen. For å fylle rolla må læraren handtere både den einskilde sine behov, det sosiale samspelet, fellesskapen og den faglege opplæringa.

Korleis kan skuleeigaren legge til rette for at læraren skal fylle rolla si?

Andre sentrale faktorar for å fremje læring og utvikling hos elevane er:

– læraren si moglegheit for kompetanseutvikling og profesjonsfellesskap

– skuleleiing og skuleeigar si oppfølging av skulane.

Ein aktiv skuleeigar kjenner dei sterke og svake sidene til skulane sine. Dei kjenner lokalsamfunnet og held seg orientert om lover, reglar og politiske føringar. Ut frå den kunnskapen skuleeigaren sit på, må det setjast tydeleg retning på utviklinga av skulane. Mellom anna må det lagast kompetanseplanar som sikrar naudsynt fagkompetanse over tid på område ein ser utfordringar.

Skuleeigaren er ansvarleg for etter- og vidareutdanning for sine tilsette. Staten yter store summar for å støtte opp om og motivere til dette. Den aktive skuleeigaren nyttiggjer seg denne støtta på ein god og framtidsretta måte når kompetansebygginga følgjer lokale kompetanseplanar.

Hald fast, hald ut

Alle opplever at å jobbe med utvikling av skulane krev tolmod og kontinuerleg jobbing over tid. Større satsingar bør gå over fleire år, slik at resultat og arbeidsmetodar får «setje seg i veggene».

Å investere i lærarens kompetanse på desse områda vil i neste omgang kome elevane til gode:

– etablere eit godt fagleg miljø

– få til variert opplæring

– gi gode tilbakemeldingar

– samarbeide godt med heimen

Ein god lærar og eit godt samarbeid mellom skule og heim vil gje kvar einskild elev eit godt utgangspunkt for positiv utvikling.