Vi er opptekne av at det er pedagogikken som er det viktigaste og at dei digitale einingane og verktøya set rammene for kva vi kan gjere. Vi syns det er viktig å til ei kvar tid bruke dei verktøya og metodane som er mest hensiktsmessige. Difor prøver vi å bruke IKT berre der det gir meir læring og motivasjon. Vi prøver å drive baklengs planlegging der vi først definerer målet vi vil elevane skal oppnå, så korleis vi eventuelt skal vurdere måloppnåinga, før vi vel kva verktøy vi vil bruke, digitale eller analoge. I tillegg til dei fem grunnleggjande dugleikane prøver vi også å gi elevane våre dugleikar for det 21.århundret og dei globale dugleikane i djupnelæring, sistnemnde henta frå Michael Fullan.

Fagfornyinga og Nordahl-utvalet

I 2020 kjem den nye læreplanen, og allereie no er den overordna delen klar. Her ser ein fokuset på dugleikane for det 21.århundret og også på menneskeverd og livsmeistring. Måten vi jobbar på Knappskog gjer at ein naturleg får inn ein tverrfagleg tanke. Vi ønsker å hjelpe elevane til å lære viktige omgrep i fag, hjelpe dei til å reflektere, hjelpe dei å dra samanhengar både innan faget, men også på tvers av fag og vi ønsker at dei skal få bruke dei kreative evnene sine til å vise kva dei har lært.

Nordahl-utvalet kom med si innstilling i april i år der dei foreslår å avvikle retten til spesialundervisning. Vi ser at med måten vi jobbar på, kan omtrent alle elevane få dei same oppgåvene. Enkelte elevar treng likevel meir oppfølging av vaksne eller å vere i mindre grupper, noko som kan vere vanskeleg å få til innanfor den vanlege klassa. Ved å jobbe digitalt har vi meir tid til alle elevane, enten dei har vedtak om spesialundervisning eller ikkje.

Tilpassa undervisning

Målet for digitaliseringa på Knappskog er å få meir motiverte elevar, elevar som meistrar meir og som dermed lærer meir. Vi er opptekne av at dette skal gjelde alle elevane våre,og vi som lærarar skal hjelpe kvar og ein vidare ut frå eleven sine behov. Lærarrolla er i endring, og vi blir meir rettleiarar for elevane våre. Ved å jobbe digitalt opplever vi meir tid til den enkelte elev. Tradisjonelt har ein kanskje tenkt at det er elevar med ulike utfordringar og diagnosar som treng tilpassing, og det er også desse elevane skulen har klart å tilpasse til. Alle elevar har rett på tilpassa undervisning, og ved hjelp av t.d. omvendt undervisning, adaptive verktøy og digitalisering er vi i mykje større grad i stand til å leggje til rette undervisninga for alle, også dei med stort læringspotensiale.

Vi har fokus på å lære elevane våre å lære. Vi ønskjer at elevane våre skal lære seg metodar både for å lære, for å bruke informasjon og for å presentere kunnskap, gjerne kreativt. Då ved bruk av verktøy som blant anna Creaza. Vi er opptatt av at elevane sjølv står fritt til å velje den metoden som passar dei best, uansett om den er digital eller ikkje.

Eit viktig prinsipp for oss er å bruke dei hjelpemidla vi har tilgang til på alle elevane. Når alle elevane har iPad eller nettbrett kan alle til dømes bruke program med syntetisk tale, som IntoWords, i lese- og skriveopplæringa. Det er ikkje stigmatiserande å bruke hjelpemiddel. Vi fokuserer heller på å hjelpe alle elevane til å finne og gjere seg nytte av dei hjelpemidla dei faktisk har tilgjengeleg til ei kvar tid.

Elevsentrert undervisning

Å arbeide digitalt gir ikkje motivasjon i seg sjølv. Det nyttar ikkje å halde fram med same type oppgåver som før, og tenke at den digitale eininga er motivasjon nok. Når elevane jobbar med digitale oppgåver får dei umiddelbar respons. I tillegg blir misoppfatningar avdekka med ein gong, elevane veit at dei er på rett veg og får ein driv/motivasjon til å jobbe vidare. Dei opplever meistring og får lov å gå vidare til nye utfordringar når dei har klart noko.

Oppgåvene vi gir elevane no, er annleis enn dei vi gav før. Det handlar ikkje berre om å lese ein tekst for så å svare på oppgåver. No handlar det meir om å lære elevane å finne informasjon sjølv (enten i analoge eller digitale kjelder), vurdere informasjonen og bruke informasjonen slik at den forhåpentlegvis blir omdanna til kunnskap. Kunnskap som dei har eit eigarforhold til, fordi det var dei sjølv som fann den. Oppgåvene som blir gitt har ofte kriterium for kva svaret skal innehalde, men elles står elevane fritt. Det vi opplever er at alle elevar kan få den same oppgåva, men differensieringa skjer i måten oppgåva blir løyst på. Elevar med ulike behov vil løyse oppgåva på ulik måte, men alle får den til og alle opplever meistring.

Konklusjon

Ved å jobbe digitalt kan vi møte elevane på deira heimebane og vi kan gi dei moglegheita til å lære på den måten dei lærer best. Vi lærarar må heller tole å gå utanfor vår eiga komfortsone for å møte den enkelte elev på best mogleg måte.. Det viktige er å tenke korleis elevane lærer best, og ikkje korleis vi lærarar likar best å undervise. Det er kjekt å oppleve elevar som jublar i mattetimar og elevar med lese og skrivevanskar som vinn ein quiz i Kahoot med temaet norsk grammatikk.

Det handlar ikkje om å sy puter under armane på elevane, men å gi dei nok verktøy til å handtere problem og utfordringar i framtida. Det handlar om å gi dei trua på seg sjølv, og ei forståing av at dei kan klare det dei vil, med nok innsats og med å bryte ned problem til løysbare einingar. Det handlar også om å gi dei eit tankesett som gjer at når livet gir dei ein smell, røyser dei seg opp igjen og prøver på nytt. Fram for alt handlar det om livsmeistring og kanskje skulen sitt viktigaste mandat, gjere elevane våre i stand til å meistre livet og samfunnet.